I dag var det ein tung dag for Arild. Irritasjonen over gårsdagens kamp har gått utover konsentrasjonen. Men ein oppmuntrande samtale med Åshild over eit glas vatn hjalp heldigvis litt på humøret.
Ellers har vi i hovudsak jobba med forprosjektpresentasjonen, der vi òg har fått rask tilbakemelding frå kontaktlæraren vår. Jammen er det ein fordel å ha kontor nært skulen. Ellers har vi sett på ulike mal-system for nettsider, som til dømes Smarty og MiniTemplator. Vi har meir eller mindre kome fram til at vi skal bruke Smarty, kanskje.
Lagra under: Dagbok