Hovudprosjekt 2005

EXPO – dag 1

Gårsdagen var kort og gjekk med på å setje opp stand-en vår. Det var ikkje så mykje arbeid, sidan mykje av dette vart gjort på fredag. Men vi har prøvd å førebu demonstrasjonssider som skal vise fleksibiliteten i systemet vårt.

Denne første dagen av EXPO har vore spanande. Vi har både vist fram vårt arbeid og sett andre studentar sine produkt etter månader med prosjektarbeid. Folk har vore kjempeflinke og vi er imponerte over kva dei har fått til. Å selje eit system er ikkje lett, men vi har fått mange positive tilbakemeldingar og til og med enkelte interessentar. Vi skulle ønske det kom fleire for å sjå på det heile.

Etter ein lang dag på EXPO, var det tid for å seie takk for oss på Mediesenteret, noko vi hadde planlagd å gjere med ei kake. Oppdragsgjevarane våre hadde samla heile Mediesenteret og hadde òg med seg kake, så det vart nok mat for alle og litt til. Det vart eit hyggeleg kakelag.

Vår siste oppgåve før vi pakka saman for godt, var å skrive eit felles refleksjonsnotat.

Lagra under: Dagbok