Hovudprosjekt 2005

Om oppgåva

Arild og Christoffer arbeidar. Fotograf: Åshild.

Utvikling av nettstader med dynamisk innhald eit av områda som Mediesenteret har fokusert på dei siste åra. Problemet er at dei i dag må tilpasse eksisterande publiseringsløysing til kvart prosjekt, noko som omfattar ein del programmering og tek tid.

Det oppdragsgjevarane ser for seg er eit enkelt publiseringsverktøy for bruk i ulike webprosjekt. Ein typisk brukar er ein «ikkje-teknisk» person, det vil sei ein person med lita erfaring med datamaskiner. Dette set krav til både utforming, funksjonalitet og ikkje minst språkbruk.

Mediesenteret har ikkje funne slike system til no. Det som eksisterer i dag er enten for avansert eller for lite funksjonelt. Av dei eksisterande løysingane i dag er det Blogger som ligg nærast det som kan fungere, men det har òg manglar og brukar eit noko teknisk språk. Løysinga kan byggje på Blogger-prinsippet, men skal ikkje vere ein blogg.