Hovudprosjekt 2005

Milepælar

Milepælane definerar dei tidsrammene som vi skal jobbe innanfor. Skal prosjektet bli vellukka bør vi halde desse fristane. Viser òg til Gantt-diagrammet for prosjektet.

Innlevering av forprosjektrapport

Fristen for innlevering av rapporten er 3. mai. Vi ynskjer då å vere ferdig med planleggingsfasen og klar for implementering av systemet.

Ferdig med kjernefunksjonane

Fredag 20. mai ynskjer vi å vere ferdig med kjernefunksjonaliteten til systemet og klar til ein lengre testperiode.

Ferdig med tilleggsfunksjonalitet

Fredag 3. juni ynskjer vi å vere ferdig med tilleggsfunksjonaliteten til systemet før vi går gjennom ein kortare testperiode.

Innlevering av hovudprosjektrapport

Hovudprosjektrapporten må vere innlevert innan fredag 10. juni.

Kommentarar til milepælane

Kjernefunksjonar

Kjernefunksjonane er dei funksjonane som er naudsynte for at krava til eit publiseringssystem skal vere tilfredsstilte. Av kjernefunksjonar har vi brukarhandtering, oppretting og redigering av innhald, handtering av mediefiler, kommentarar og søk. Vi ser oss nøydde til å bruke lang tid på testing av desse funksjonane før vi kan gå vidare.

Tilleggsfunksjonalitet

Tilleggsfunksjonane er dei funksjonane som vi ynskjer å implementere hvis det blir tid til det.