Hovudprosjekt 2005

EXPO – dag 1

Gårsdagen var kort og gjekk med på å setje opp stand-en vår. Det var ikkje så mykje arbeid, sidan mykje av dette vart gjort på fredag. Men vi har prøvd å førebu demonstrasjonssider som skal vise fleksibiliteten i systemet vårt.

Denne første dagen av EXPO har vore spanande. Vi har både vist fram vårt arbeid og sett andre studentar sine produkt etter månader med prosjektarbeid. Folk har vore kjempeflinke og vi er imponerte over kva dei har fått til. Å selje eit system er ikkje lett, men vi har fått mange positive tilbakemeldingar og til og med enkelte interessentar. Vi skulle ønske det kom fleire for å sjå på det heile.

Etter ein lang dag på EXPO, var det tid for å seie takk for oss på Mediesenteret, noko vi hadde planlagd å gjere med ei kake. Oppdragsgjevarane våre hadde samla heile Mediesenteret og hadde òg med seg kake, så det vart nok mat for alle og litt til. Det vart eit hyggeleg kakelag.

Vår siste oppgåve før vi pakka saman for godt, var å skrive eit felles refleksjonsnotat.

Lagra under: Dagbok

I mål

Da var det gjort, vi er i mål med rapport og presentasjon. Etter at presentasjonen var over fekk vi hjelp av Øyvind Fosse til å binde inn rapporten så vi fekk levert den frå oss. Lunsjen inntok vi i dag i “vaksen-kantina”, der Åshild og Christoffer koste seg med mat frå den franske bufféten. Deretter starta vi på plakaten til expo-utstillinga. Her fekk vi igjen kjempegod hjelp av Øyvind som har stått for det grafiske uttrykket til plakaten. Vi bøyer oss i støvet (mangler støv) og seier tusen tusen takk for all hjelpa. Til alle trufaste vitselesarar: vitsen utgår.

Lagra under: Dagbok

Hovudrapport

Hovudpresentasjon

Ein dag att

Dagen i dag vart den dagen då vi gjekk overtid på Mediesenteret. Dagen byrja med at vi fekk dei etterlengta tilbakemeldingane frå kontaktlæraren vår. Deretter var det berre å kome i gong med å endre på rapporten og presentasjonen i høve til kommentarane hans.

Arbeidet tok litt lenger tid enn planlagd, men vi har fått skrive ut den ferdige hovudprosjektrapporten og gjort den klar for innbinding i morgon. Her har forresten halve Mediesenteret stått på for å hjelpe oss med utskrift på fargelaser. I tillegg har vi gjennomgått presentasjonen og fordelt arbeidet der. Alt i alt er vi vel så og seie ferdig. Sjekk desse sidene i morgon for å sjå hovudrapport og presentasjonen. Vêrmeldinga i dag: regn og atter regn.

Lagra under: Dagbok

To dagar igjen

I dag var dagen då hovudrapporten skulle få siste finpuss, men slik gjekk det ikkje og vi må derfor bruke dagen i morgon til dette.
Ellers har vi fiksa enda ein del “i siste liten” endringar frå oppdragsgjevar, samt at presentasjonen byrjar å ta ordentleg form. I dag har vi til tider hatt sol ute, men det har egentlig regna mest.

Lagra under: Dagbok

Planlegging av presentasjon

I dag har me starta på planlegginga av hovudpresentasjonen, det ser ut til at det skal gå bra. Christoffer har dessuten fått ferdig innstallasjonsscriptet, det ser veldig bra ut. Til høgre har vi lagt til ein link til ein demonstrasjon av systemet. Været er litt sånn opp og ned.

Lagra under: Dagbok

Presentasjon for Mediesenteret – igjen

Dagen i dag har stort sett gått med til rapportskriving. Vi har òg drive med små kosmetiske endringar og lagt til funksjonalitet for å legge til botntekst i webløysinga vår. I tillegg har vi presentert det tilnærma ferdige produktet for Mediesenteret under deira felles mandagsmøte. Kontaktperson ved høgskulen, Svein-Ivar Lillehaug, var òg tilstades. Vi fekk ein del spørsmål å svare på, i høve til kva systemet kunne og ikkje kunne utføre, men ellers positive tilbakemeldingar.

Lagra under: Dagbok

Hovudrapportdagen

Dagen har gått med til å skrive på hovudrapporten og vi nærmar oss snart ferdig. Sjølv om enkelte slit med litt skrivesperre i dag har me fått gjort ein del. Ute regnar det igjen.

Lagra under: Dagbok

Hovudrapport for alle penga…

I dag har me for alvor starta på hovudrapporten. Det vil sei:

  • først testa me gjennom systemet til Svein Rune, Kenneth og Jan-Terje,
  • så starta alvoret.

Me har allereie kome eit stykke avgårde, så det skal nok gå bra til slutt.
Sola har vore framme i dag, hadde vore fint med litt sol etter jobb/skule òg.

Lagra under: Dagbok

Rapportskrivinga har starta

I dag har vi, etter å ha brukt fleire dagar på å manne oss opp, så vidt starta på hovudrapportskrivinga. Det blir ein lang og smertefull prosess. Men vi reknar med å kome i havn snart. Det er i tillegg mange andre ting som må på plass, eit par presentasjonar er blant desse. På toppen av det heile har oppdragsgjevarane våre funne eit prosjekt som kanskje kan bruke systemet vi jobbar med. Men då krevst det sjølvsagt litt tilpassingar. Vi får sjå korleis det går. Ute er det fint vêr, men kaldt.

Lagra under: Dagbok

Lite kreativ dag

I dag har vi hatt en middels effektiv dag som inkluderer 45 minutters lunsj. Opgaven er 99% ferdig og vi gleder oss til å ta fatt, for alvor, på hovedrapporten. Ute skinner sola sterkere enn på lenge, det er trist å sitte inne.

Lagra under: Dagbok

Enden er nær

No er det under to veker igjen til 10.juni, så me har nok å gjere for tida. I dag har me hatt eit møte med Hanne som skal lage CSS til prosjektet vårt. Ellers har me arbeidd med låsing av tabellar og små feil som har dukka opp. I morgon håpar me å komme i gong med testplanlegging og testing. Dessutan bør me snart skrive meir på hovudrapporten. Ute har det vore like trasig som i resten av mai.

Lagra under: Dagbok

Framsyning for oppdragsgjevarane

Vi har hatt eit møte med oppdragsgjevarane i dag, der vi har gått gjennom heile systemet for dei. Tilbakemeldingane var positive, sjølv om publiseringssystemet har behov for finpuss. Dette har vi brukt tida på i dag. Neste veke skal vi snakke CSS med Hanne. For nokre vart det ein kort dag, sjølv om enkelte hadde dårlegare unnskyldningar enn andre. I dag blir det ingen dumme vitsar, og veret er uansett dårleg.

Lagra under: Dagbok

Nok ein torsdag

Christoffer har hatt eksamen i dag, han kom ein liten tur innom (kl 1030 !!!!!!!) før han reiste heim igjen for å vera sjuk. Åshild og Arild har tatt ansvar i dag igjen og gjort ferdig funksjonalitet for må og bør-kategoriane. Litt tid på slutten av dagen har gått med til ein større systemtest. Det bøttar ned med regn i dag.

Lagra under: Dagbok

Ein vanleg dag

I dag har det vore ein heilt vanleg dag, bortsett frå at Christoffer var sjuk. Åshild og Arild har programmert vidare i php, noko som har ført til at ein no kan legge til kommentarar til eit innlegg og søke både blant innlegg og statiske sider. Me må sei oss godt fornødd med dagen. 96% skydekke.

Lagra under: Dagbok

Redusert mannskap

Me har fortsatt ein mann ute med sjukdom, og dette pregar sjølvsagt spelet for oss andre på bana. Det betyr alikevel ikkje at vi legg oss flat for motstandarane, det kan heller sjå ut til at me legg litt ekstra innsats i duellane – og kjem seirande ut. Vi er omtrent ferdige med søkefunksjonen, samt å lagre ein kommentar til innlegg er på god veg til å bli ferdig. Heilgardering på vêret i dag.

Lagra under: Dagbok

Statusrapport

Da tirsdag ble torsdag

Det kalde vêret har slått ut Chris, han meldte seg sjuk i dag, men vi håpar han snart blir betre. Vi har jobba litt meir med oppretting av småbugs som dukka opp når vi la om heile databasen i går. Det har ellers vore ein kort dag, men me har klart å få ferdig statusrapporten.

Lagra under: Dagbok

Kort veke

Denne veka blir kort. Vi har få ting på programmet. Men det viktigaste har vi fått gjort i dag:

  • Ein stor revisjon av databasen, med etterfølgjande opprydding.
  • Fullførte funksjonaliteten for å legge til mediefiler.

Arild har til og med skrive eit to-siders utkast til statusrapporten, som skal inn i slutten av denne veka. Ute er det overskya, iskaldt og litt regn innimellom. Så har vi heller ikkje kome lenger enn til midten av mai.

Lagra under: Dagbok

Vi tar langhelg

I dag er vi ferdige med sletting av mediefiler, eit stort mål er nådd. Chris har verkeleg stått på for denne funksjonen, all honør til han. Det er langhelg med årets første offisielle grilldag i morgon, dette skal utnyttast på det grovaste. Ute skin sola og temperaturen er stigande.

Lagra under: Dagbok

Pingvinen lever!

I dag fann me ut at pingvinserveren har problem med bildemanipulering, enn så lenge. Me har komt eit godt stykke vidare med programmeringa, og Christoffer finn ut av mysteriet bildemanipulering. Det viktigaste som skjedde i dag var at Arild kåra Åshild til å ha betre musikksmak enn Christoffer. Vêret har veksla frå sol til styrtregn og vind (kjekk kombinasjon).

Lagra under: Dagbok

Det starter å ta form

Vi har fått gjort mykje i dag, ihvertfall kva som angår programmering. Pingvin er enno nede så vi slit med R-11 fortsatt. Ute har vi vekslande skydekke, uten at vi ser noko særleg til det.

Lagra under: Dagbok

Statiske sider og kategoriar, eller omvendt

Det var den dagen då Mediesenteret sin server framleis ikkje var heilt på nett, og ein kort periode var òg vår eigen server (hovudprosjekt2005.net) utilgjengeleg. Men vi har fått gjort unna ein del likevel. Arild har stått på med å implementere kategori-funksjonalitet og statiske sider, medan Åshild og Christoffer har hengt over skuldrane hans og jabba. Tolmodet hans er berre å bøye seg i støvet for.

Vi har sett litt på ulike klasser og litt javascripting for å implementere mediehandtering. Ute er det sol, av og til.

Lagra under: Dagbok

WYSINAWYG

I dag har vi fått implementert og testa ein WYSIWYG-editor. Vi har valgt å bruke TinyMCE for vårt prosjekt. Våre testar har vist at WYSINAWYG, men det har vi glatt fått gjort noko med. Mediesenteret sin server er forresten nede enno, men vi brukar no vår eigen server for å teste publiseringssystemet. Er ikkje sikker på kva vêr det er, ein ser ikkje ut til å ha bestemt seg heilt der ute.

Lagra under: Dagbok

Måndag på ein fredag

I dag ser det ut til at me kan bli ferdig med målet for dagen, samt litt av målet for måndag. Ein god dag med andre ord. Me har begynt å slette innlegg og håpar me kan få til å opprette innlegg før me gjer oss.
På slutten av dagen opplevde me risiko R-11 frå risikolista vår. Pingvin-serveren, der databasen vår ligg, var nede!
Ute skin sola og snart er det helg.

Lagra under: Dagbok

Ny iterasjon

I dag har vi avslutta første iterasjon, og byrja på ein ny. Vi har gjort oss ferdige med funksjonar som er relatert til brukarhandtering og gått over til handtering av innhald. Målet i dag var å få vist ein post. Vi har dessutan planlagt resten av denne iterasjonen. I dag blir det ikkje noko fotballsnakk i denne dagboka og ute skin sola. I morgon tek vi ein fridag, men kjem sterkt attende på fredag.

Lagra under: Dagbok

Den store programmeringsdagen

Milepæl om ferdig brukaradministrasjon vart oppnådd 99 % i dag, vi er godt nøgde med det. Ellers har det jo vore ein strålande dag for alle oss Brann-fans, 1-3 mot Aafk var ikkje eit mål for lite. Lett regn i Bergen i dag.

Lagra under: Dagbok

Forprosjektrapport

Innlevering av forprosjektrapport

I dag har me gjort ferdig forprosjektrapporten. I den forbindelse vil me gjerne takke Mauricio Pavez for illustrasjonen til framsida vår. Me har òg komt ein del lengre i programmeringa i dag. Dessutan har Christoffer i løpet av helga laga ein pauselogg, som viser ein av dei få pausane me har hatt i løpet av prosjektet.

Lagra under: Dagbok

Helg

Åshild fylte år i dag og ho blei sjølsagt sungen inn på jobb i dag av Chris og Arild, det satte ho STOR pris på. Chris har brutt strømmen til PC-en til Arild to (2!!) ganger, Arild blei da satt tilbake med opptil fleire minutt. I forhold til oppgava har vi gjort eit stort byks i dag, det ser lyst ut sjølv om det regnar ute i dag.

Lagra under: Dagbok

Presentasjon av forprosjektet

Vi hadde i dag ein presentasjon av forprosjektet vårt. Men sjølv om det var få oppmøtte, var det berre gode tilbakemeldingar frå desse. Vi er flinke, vi kan ikkje noko for det. For dei som er interessert i å sjå presentasjonen, har vi lagt ut lysbiletserien i både Flash– og PDF-format.

Ellers har vi gjort ferdig forprosjektrapporten og på slutten av dagen vart det tid til litt meir programmering. I dag er truleg siste dag på lenge at vi kan lunsje ute i det fri.

Lagra under: Dagbok

Dagen før Presentasjonsdagen

Dette er den kortaste dagen i veka, og i dag har heile dagen gått med til ferdigstilling av presentasjonen som vi skal halde i morgontidleg. Det ser ut til at den blir bra, me er ihvertfall nøgde med resultatet. Presentasjonen blir nok kanskje lagt ut her på sida hvis du mot alle odds ikkje får den med deg live i morgon kl 10.00 på A819. Ute skin sola, og i kveld er det mesterliga på TV.

Lagra under: Dagbok

Dagen derpå for Brann-tilhengaren

Åshild og Arild står ved vassdispenseren og pratar.I dag var det ein tung dag for Arild. Irritasjonen over gårsdagens kamp har gått utover konsentrasjonen. Men ein oppmuntrande samtale med Åshild over eit glas vatn hjalp heldigvis litt på humøret.

Ellers har vi i hovudsak jobba med forprosjektpresentasjonen, der vi òg har fått rask tilbakemelding frå kontaktlæraren vår. Jammen er det ein fordel å ha kontor nært skulen. Ellers har vi sett på ulike mal-system for nettsider, som til dømes Smarty og MiniTemplator. Vi har meir eller mindre kome fram til at vi skal bruke Smarty, kanskje.

Lagra under: Dagbok

Heia Brann

Stor Brann-entusiasme i leiren her, Arild har (obligatorisk) kledd seg i rødt og kvitt. Dagen har gått med til diverse utbetringar og programmering. Databasen er endra (igjen), repetisjonsarbeid for Åshild. Vêret : Utepilstemperatur.

Lagra under: Dagbok

Klart for party

I dag meldte Arild at han var sjuk og vi som ikkje hadde nokon unnskyldning for å bli heime har halde oss til programmering og databasedesign. Vi har testa enkle funksjonar som innlogging og oppretting av brukarar og Åshild har til og med laga eit lite utkast til brukargrensesnitt for innlogging. Ellers har lokala vore prega av hamring, rare lydar og lys i mange fargar, og rykta går om at kontoret vårt blir midlertidig rydda bort. Det er forresten fort gjort å bli lurt av sola der ute, kaldt er det uansett.

Lagra under: Dagbok

Dagen har gått fort

I dag har me oppdaga at CVS ikkje var like enkelt som me trudde i går. Me har lagt inn tabellar i databasen og fortsett arbeidet med PHP-programmering. Dessuten har enkelte gruppemedlemmer funne ut at ein må huske å laste opp endra filer. I morgon er det helg.

Lagra under: Dagbok

Risikoliste 1.3

CVS er ein fin ting

I dag har vi lært oss å bruke CVS med TortoiseCVS. Dette er jo kjempeenkelt. Vi har sett opp kopling mot CVS-server via SSH. I tillegg har vi byrja skrive på fleire klasser og databasekontroll. I dag var det sol og vi hadde lunsj på taket att.

Lagra under: Dagbok

Ting tar tid

Jaggu tar ting lang tid ! I dag har vi sett på datamodellen (klassediagram), den meiner vi er såpass bra at vi har så smått starta med å lage nokre klassar i php (2 stk). Vi ligg føre skjema til 18,4! Gledelig med grønn lapp på slutten av dagen.. Det er 13,3 grader ute i lett overskya vêr.

Lagra under: Dagbok

Mandag

I dag har me begynt å planlegge forprosjektpresentasjonen. Dessuten har Christoffer nesten skrive ferdig forprosjektrapporten. Me hadde òg eit møte med Svein-Ivar Lillehaug, der me fekk kommentarar på det me har produsert så langt. Været i dag er sol frå skyfri himmel, lunsjen vart difor fortært på takterrassen på HiB.

Lagra under: Dagbok

Risikoliste 1.2

Endeleg helg igjen!

Arild har fått PC, godt nøgd er han.Det første vi gjorde i dag var at vi kom på jobb. Deretter førebudde vi møte med Morten der vi mellom anna skulle gå gjennom kravspesifikasjonen. Tid til ein etterlengta fotosession vart det også før møtet tok til. Rett før vi gjekk til lunsj fekk Arild ei hyggeleg overrasking, PC-en kom! Ellers har dagen gått med til oppdatering av dokumentasjon og nettside. Overskya i dag. No skal vi planlegge neste veke.

Lagra under: Dagbok

Møtereferat 15.04.05

Kort dag i dag

I dag har me fått skryt fordi me har vore flinke. Me har gjort ferdig dokumentet ang. kodestandardar og kome langt på veg med forprosjektrapporten. Det er sol ute.

Lagra under: Dagbok

Tidsestimering

Dagen i dag har vi brukt til å planlegge milepælar og tidsforbruk i løpet av prosjektet. Dette er ikkje lett, men arbeidet har resultert i eit Gantt-diagram og ein plan for milepælar i prosjektet. Vi har i tillegg brukt tid til å oppdatere nettsidene våre.

Lagra under: Dagbok

Gantt-diagram

Nok en arbeidsdag over

I dag har me fått laga første utkast til klassediagram, detaljerte brukstilfeller er også ferdig. Kravspesifikasjonen er ferdig første utkast.

Lagra under: Dagbok

Presentasjon for Mediesenteret

Vi starta dagen med å setje opp ein plan for heile veka. Det blir hovudsakleg jobba med forprosjektrapporten og annan planlegging. Vi nærmar oss slutten på definisjonen av detaljerte brukstilfeller og er no oppe i 25 brukstilfeller. Vi har òg blitt presentert for alle som jobbar ved Mediesenteret under deira måndagsmøte.

Lagra under: Dagbok

Risikoliste 1.1

Dag 2

Arbeida vidare med kravspesifikasjonen samt laga risikoliste.
17 brukstilfelle detaljert beskrive og 12 risikopunkt dokumentert.

Lagra under: Dagbok

Første arbeidsdag

I dag hadde me vår første arbeidsøkt hos Mediesenteret. Me starta på arbeidet med kravspesifikasjonen. Det skal me fortsetje med i morgon. Spørsmål som har dukka opp undervegs har me fått svar på hos oppdragsgjevar.

Lagra under: Dagbok

Møte 05.04.2005

Første møte

I dag hadde vi vårt første møte med oppdragsgjevarane våre, Morten Fahlvik og Jan Tore Ynnesdal ved Mediesenteret. Saman med oss hadde vi vår kontaktperson Svein-Ivar Lillehaug. Under dette første møtet vart det lagt vekt på presentasjon av oppgåva, med dei visjonane og ønskjene oppdragsgjevarane våre hadde.

Eit meir detaljert møtereferat dukkar snart opp.

Lagra under: Dagbok

Val av oppgåver

I dag stod val av oppgåver til hovudprosjekt 2005 på programmet. Vi var nummer seks i prioriteringsrekka, og var dermed ganske sikre på å få ei av dei oppgåvene vi ønskte oss. Med nærare 40 ulike oppgåver velje i mellom var det meir enn nok for dei ulike gruppene ta av.

Vi endte til slutt opp med førstevalet vårt: Eit publiseringssystem for veven, med Mediesenteret som oppdragsgjevar.

Lagra under: Dagbok